Verdas første nynorskavis for born er lansert.

 

Nynorskavis for barn, framtidajunior.no er “på lufta” og i byrjinga av november kjem avisa på papir.
Papiravisa vil koma ut kvar 14. dag.

Bilete: Redaktør Svein Olav Langåker presenterer Framida junior for elevar ved Sagvåg skule på Stord.

– Me vil laga eit tilbod som er så spennande og godt at barna vil ha lyst til å bruka det i fritida – og så lærerikt og bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønska at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

– Vår nynorske nettstad for born mellom 7 og 13 år vil ha nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for barn over heile landet.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no, Magasinett, ABC Startsiden og Samlaget har tatt initiativ til storsatsinga. Både Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sparebanken Vest støttar oppstarten.

Lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland er alle med på samarbeidet med LNK og Framtida.no.

– Eg er utruleg glad for at Noregs beste lokalaviser er med på denne satsinga, seier Svein Olav B. Langåker.

Lenker:

Framtida junior:Nynorsk avis for barn: http://framtidajunior.no/ 

Framtida.no: Nynorsk avis for ungdom: https://framtida.no/ 

Artikkel frå avisa Hordaland: Hordaland med på nynorskavis for born. 18.10.17