VIS MED AVIS. Tips til arbeidet i klassen.

Det er heilt opp til læraren og klassen korleis ein vil nytte avisene og korleis ein vil
førebu seg til Vis med avis. Det viktigaste er at elevane får høve til å lese og bli kjend med avisa og ha
det kjekt med det. Her er nokre tips til arbeidsmåtar som syner at alle kan delta. Lykke til!

Hjelp elevane til å forstå nyheitene

Å forstå kva saka dreier seg om er ikkje
alltid like lett. Samtale/fortelje er god metode for å forstå betre.
– I klassen eller t.d. to og to.
Nyttige hjelpeord når ein skal
fortelje om ei sak er:
KVA har skjedd?
KVEN…?
KOR …?
KVA TID …?
KORLEIS …?
KVIFOR …?

Ikkje gjere noko ekstra.

”Vanleg skule”, men kvar elev
får lokalavisa utdelt og må
sjølv ta ansvar, t.d. heime, for å
lesa i den og førebu seg til
kunnskapstesten.

Få elevane til å
foreslå korleis dei vil
førebu seg.

Ta utgangspunkt i deira forslag,
og gjer avtalar for veka.

Lese avisa heime

(Lekse). Elevane fortel og
samtalar på skulen om kva dei
har lese.

Gje elevane spesielle
leseoppgåver på skulen
eller heime:

Nyheiter / sport /
kultur / lysingar o.s.b. Avtal
informasjonstid i klassen der
dei fortel om kva dei har lese.

Lage veggavis

Del inn i ulike stoffområde. Elevane
klipper frå lokalavisa, og
vurderer sjølve kva saker dei
vil ha med. Lim berre opp
titlane og ev. bilete til sakene.
(Resten av teksten kan elevane
lese i avisa). Dette gir godt
utgangspunkt for samtalar om
stoffet og god aviskunnskap.

Klipp ut bilete av
personar i avisa.

Heng bileta på veggen. Samtal
/ fortel om kvifor dei er avbilda
i avisa, o.s.b.
Saker er ofte lettare å hugse når
ein knytar dei til personar

Følg ei spesiell sak

Vel ut ei sak og undersøk meir
om den.
Det ligg ofte mykje ”bak” som ein treng vita for forstå saka.
Kanskje elevane kan finne ut
noko som avisa ikkje nemner?
Med slik røynsle les dei
kanskje nyheiter med meir
merksemd seinare.

Lage radio.

Elevane lagar radioprogram av stoffet i
lokalavisa. Dei kan spele inn, eller framføre som opplesing i klassen.
T.d. nyheitssending,
kulturmagasin, reklamesnutt, sportsrapport … Elevane kan arbeide i små grupper. Bruk
rollespill t.d. til intervju, dramatisering (journalist ute i felten…)

Lær nokre fakta om
lokalavisa:

Til dømes:
I kor stort opplag vert den
trykt?
Kor mange dagar i veka kjem
den ut?
Kva kommunar / geografisk område dekker avisa?
Kva heiter redaktøren?
Navn på spesielle sider eller
fast stoff? …

Manglar det gode idear her?

Send ditt tips til johannes.boyum@bt.no , så kan vi dele det med andre lærarar!