Staten må bestemme

Bård Standal (H) og Thor Egil Braadland (SV) skriv i ein kronikk på nrk.no at ein må unngå lokalpolitiske vedtak som stopper vindkraftutbygging og dermed hindre Noreg til å bli ei stormakt innan satsing på vindkraft.

– Vindkraft er det aller reinaste vi kan bygge ut. Då kan ikkje kommunane sitje kvar for seg å seie nei til den reinaste energien som finst. Då må vi ta statlege grep, seier Braadland.

– Heilt uakseptabelt

Desse utsegnene får blant andre Ap-ordførar i kraftkommunen Høyanger, Petter Sortland, til å steile. Eit samla kommunestyre i Høyanger har sagt nei til Fred Olsen og Zephyr sine vindkraftplanar.

– Her har du byfolk som brått skal setje seg opp på sin høge hest og vite at dei kan ting mykje betre enn oss som lever i og av naturen. Dette synest eg er heilt uakseptabelt, seier ein arg ordførar til NRK.


Kva meiner dine elevar om dette?

Er produksjon og eksport av “rein” vindkraft så viktig at staten bør bestemme kor det skal byggjast vindkraftturbinar?
– Kva er argument for dette?

Bør lokale politikarar og dei som bur i området bestemme om det skal byggjast vindkraftverk i deira område eller ikkje?
– Kva er argument for dette?

Her er kronikkane og ein artikkel frå nrk.no som kan vera med å førebu diskusjonen.
Sjekk óg lokalavisa for lokale artiklar.

Målet med diskusjonen bør vera å få fram argumenta for dei ulike meiningane.

Kronikk:
Stortinget bør overkjøre kommunene

https://www.nrk.no/ytring/stortinget-bor-overkjore-kommunene-1.14705234

Kronikk:
– Motstanden ute i distrikta kjem til å bli enda større

https://www.nrk.no/sognogfjordane/vindkraftutspel-skapar-sterke-reaksjonar-i-distrikts-noreg-1.14722443

Artikkel:
NVE møter massiv motstand mot vindturbiner, men folk flest er verken for eller i mot.

https://www.nrk.no/hordaland/nve-moter-massiv-motstand-mot-vindturbiner_-men-folk-flest-er-verken-for-eller-mot_-1.14720273